ØV og LÆR: ADDIS, SUB og MULTI
|
La borna spele seg til automatiserte addisjons- subtraksjons- og multiplikasjonskombinasjonar. Å bruke talespråket i denne læreprosessen fremjar læringa. |
ADDIS, SUB og MULTI
Vi som har levd ein del år hugsar side opp og side ned med øving i 1+2 og 2+1 og 3+4 og 4+3 i matematikkboka. Ein rettkommen reaksjon på dette har ført til det mange meiner er for lite øving i slike kombinasjonar. Men vi ynskjer oss ikkje tilbake til den gamle rekneboka.
Snorre Ostad har arbeidd mykje med det han kallar strategiar born brukar i addisjon og subtraksjon. For at dei skal lære seg "direkte" (retrieval) strategiar tilrår han å bruke talespråket og uttrykkje til dømes "fem pluss tre er åtte" når ein ser 5+3= . Slik kan ein øve seg utan at det må innebere å skrive.
I "En matematikk for alle i en skole for alle", rapport fra det 1. nordiske forskerseminar om matematikkvansker (Forum for matematikkvansker) skriv Marit Holm om kvalitetskriterier i matematikkopplæringen. Ho har funne at medan det vert lagt mykje arbeid i å øve mutliplikasjontabellar, så vert det gjort lite for hjelpe born til å lære seg addisjons- og subtraksjonstabellar. Holm peikar på at slik kunnskap kan frigjere merksemda til problemløysing og meir omfattande strategiar, noko borna treng.
Dette er noko av bakgrunnen når vi no tilbyr sett av lotto/ memoryspel for å øve addisjons- og subtraksjonskombinasjonar opp til tjue. ADDIS 1-7 har stigande vanskegrad, det samme gjeld SUB 1-6. MULTI 2-9 er øving i gangetabellane.
ADDIS SUB og MULTI er prøvd ut i spesialundervisning. Det er spennande å sjå korleis bevisstgjering av desse antalskombinasjonane bidrar til læring.
Bestilles i nettbutikken!
|
Tips en bekjent |
|
|