Pedverket Kompetanse

INFO: Pedagogisk-Psykologisk Familiepraksis NYTT!

Pedverket Kompetanse er en praksisorientert kunnskapsbedrift. For å opprettholde det nære forhold til praksisfeltet som våre lærere trenger velger vi å åpne for en Pedagogisk psykologisk praksis rettet mot familien.

Pedagogisk- Psykologisk Familiepraksis-PPF

 

Pedverket Kompetanse er eit kompetansesenter for familie, skule og PP-tenesta og har i fleire år arbeid med systematisk begrepsdanning hos born. Dei siste åra har vi og ei vidareutdanning for PP-rådgjevarar, og utvikla test og kartleggingsverktøy for PP-tenesta. Pedverket Kompetanse er landsdekkande og har og fleire prosjekt utanlands.

 

Vår kompetanse ynskjer vi no å dele med familiane i nærmiljøet.

 

Foreldre synest ofte det kan vera vanskeleg med barn og ungdom i huset og barn og ungdom synest det kan vere vanskeleg med foreldre i huset. Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med dei vanskane du opplever som foreldre.

 

Kva kan vi hjelpe med ? 

1.       Vanskeleg å vere foreldre.

2.       Mistilpassing i heim, skule og barnehage

a.       Oppsedingsspørsmål

b.       Problemåtferd  og ADHD

c.       Overdrevne sinne- og raseriutbrot

d.       Mobbing

e.       Kommunikasjon i familien

3.       Skulevanskar

a.       Lese- og skrivevanskar

b.       Språk- og talevanskar

c.       Sosiale vanskar

d.       Vanskar mellom skule og heim

e.       Rettar i skulen

Vi kan kartlegge kor store eller små vanskane er og vi kan finne tiltak som kan gjere at vanskane blir resusert.

Metode

·         Rådgjevingssamtaler

·         Testing og kartlegging av vanskar

·         Undervisning av barn og ungdom med spesifikke vanskar (lese-skrive og reknevanskar)

·         Samtale med barn og ungdom.

Eit normalt forløp

·         Rådgjevingssamtaler 1-10 timar etter avtale, normalt nyttar vi korttidsavtaler.

·         Utgreiing/kartlegging/testing . grunnleggande funksjons- og evnetesting tar normalt 10 arbeidstimar

a.       Meir spesifikk kartlegging/ testing  etter avtale med ca. 5 arbeidstimar pr. test.

Kostnadar

·         Timeprisen er kr. 850,- (litt billigare enn merkeverkstaden for bilen)

·         Undervisningstimar (45 minutt)  kostar kr. 500,- gruppetimar forholdsvis mindre.

·         All arbeidsmengd avtalast på førehand slik at du ikkje får nokon overrasking med rekninga.

Kven vil du møte hjå Pedverket Kompetanse?

Kliniske vurdering og rådgjeving PP-rådgjevar Morten Hem

Lærevanskar inkludert dysleksi og matematikkvansker PP-rådgjevar Gunvor Sønnesyn

Undervisning og skulerådgiving seniorrådgiver Kolbjørn Blikås

Når vi er einige om det, arbeidar vi og i team for å få ein best mogleg løysningsorientert kompetanse.

 

Når du tek kontakt med oss kan du sjølv be om time med ein spesifisert rådgjevar   



Tips en bekjent
Pedverket KompetanseTelefon: +47 56521820Nettstedskart